Rapport om møteulukke mellom brannbil og personbil på riksveg 55 ved Nornes i Sogndal kommune 11. april 2018

Download Last ned rapport

Beskrivelse

Onsdag 11. april 2018 kolliderte ein tankbil med ein møtande personbil på riksveg 55 ved Nornes i Sogn og Fjordane. Føraren av personbilen blei hardt skadd i kollisjonen og døydde av skadane. Tankbilen var under utrykking for det lokale brannvesenet og køyrde med blålys.

Undersøkinga har vist at det ikkje finst noko krav om framlegg av dokumentasjon på at vedlikehaldstrening med utrykkingskøyretøy er gjennomført i samband med fornying av kompetansebeviset for utrykkingsførarar kvart femte år.

Undersøkinga har òg vist at ein høg asfaltkant på om lag 14 cm medverka til at tankbilen fekk ein ukontrollert skrens mot venstre då han kolliderte med den møtande personbilen.

Tankbilen miste kontrollen og fikk skrens etter å ha vore utanfor vegbana på høgre side i ein sving. Han kom deretter over i motsatt køyrefelt og trefte den møtande personbilen, som blei klemt mot eit langsgåande betongrekkverk.

Føraren av personbilen var åleine i bilen då ulukka skjedde. Vedkomande blei hardt skadd og døydde av skadane.

Undersøkinga har vist at lågt dekktrykk i kombinasjon med krenging kan ha bidrege til at tankbilen kom ut av kontroll og hamna utanfor vegbana på høgre side i den aktuelle farten. Tankbilen var av eldre årgang og utan førarstøttesystem.

Tankbilføraren var godt kjend på strekninga og hadde lang erfaring med utrykkingskøyring, både med lette og tunge køyretøy. Han hadde køyrt tankbilen på oppdrag tidlegare, men ikkje under utrykking. Undersøkinga har vist at det er forskjellig praksis når det gjeld bruk av lette og tunge køyretøy ved vedlikehaldstrening. SHT er kritisk til at det blir nytta lette køyretøy til vedlikehaldstrening og meiner det er viktig at førarar i brannvesenet er kjende med køyreeigenskapane til tunge utrykkingskøyretøy og eventuelle avgrensingar slike køyretøy kan ha.

Undersøkinga har vist at det ikkje finst noko krav om framlegg av dokumentasjon på at vedlikehaldstrening med utrykkingskøyretøy er gjennomført i samband med fornying av kompetansebeviset for utrykkingsførarar kvart femte år. SHT tilrår at dette blir endra.

Undersøkinga har òg vist at ein høg asfaltkant på om lag 14 cm medverka til at tankbilen fekk ein ukontrollert skrens mot venstre då han kolliderte med den møtande personbilen. SHT tilrår at alvorlege avvik i høgdeskilnader mellom asfalt og sideterreng blir utbetra på spesielt risikoutsette stader.

Sikkerhetstilråding

Tryggleikstilråding VEG nr. 2019/05T

Undersøkinga av ulukka 11. april 2018 mellom ein tankbil og ein personbil på rv. 55 i Sogndal har vist at Sogn brann og redning IKS ikkje hadde gode nok system for å gjennomføre vedlikehaldstrening i tråd med krava i utrykkingsforskrifta for mannskapa sine. Det er ikkje krav om at det skal leggjast fram dokumentasjon på at vedlikehaldstrening er gjennomført i samband med fornyinga av kompetansebeviset for utrykkingsførarar kvart femte år. Forskrifta krev at den einskilde utrykkingsføraren til ei kvar tid skal ha den kompetansen som er naudsynt for aktuelle oppdrag og køyretøy, og SHT stiller seg kritisk til at det ikkje er krav om spesifikk vedlikehaldstrening med tyngre køyretøy.

Statens havarikommisjon for transport tilrår at Statens vegvesen vurderer å innføre krav til dokumentert vedlikehaldstrening ved fornying av kompetansebevis for utrykkingskøyring, kode 160.

Tryggleikstilråding VEG nr. 2019/06T

Undersøkinga av ulukka 11. april 2018 mellom en tankbil og en personbil på rv. 55 i Sogndal har vist at den høge asfaltkanten på om lag 14 cm medverka til at då det høgre hjulparet til tankbilen skulle opp på vegbana att, skrensa tankbilen ukontrollert mot venstre side før den kolliderte med ein møtande bil. Det har vore fleire utforkøyringar på same staden. Undersøkingar har avdekt eit behov for betre oppfølging og utbetring av oppfylling av høge asfaltkantar på utsette stader på det eldre vegnettet. Dette bør særleg late seg gjennomføre på stader der auka risiko er dokumentert gjennom hendingar eller risikovurderingar som viser at køyretilhøva er utfordrande.

Statens havarikommisjon for transport tilrår at Statens vegvesen Region vest utbetrar alvorlege avvik i høgdeskilnader mellom asfaltkant og sideterreng på spesielt risikoutsette stader.

Sted
Rv 55 Nornes, Sogn og Fjordane
Hendelsesdato
11.04.2018
Ulykkestype
Møteulykke
Veitype
Riksvei
Fylke
Sogn og Fjordane
Politidistrikt
Sogn og Fjordane
Kjøretøy/trafikant
Lastebil, Personbil
Type transport
Forfytning uten last/passasjerer
Veiregion
Region vest
Ulykkeskategori
Ulykke m/ kjøretøy over 7500 kg
Skriv ut
Rapporter samme fylke
Rapporter samme kjøretøytype