Rapport om brann i lokomotiv El 14.2188 ved Oslo S 29. mai 2018, tog 5301

Last ned rapport

Beskrivelse

Tysdag 29. mai 2018 kl. 09.02 oppstod ein eksplosjon i spenningsregulatoren i lokomotivet til CargoNet AS sitt godstog 5301 ved Oslo S.

Toget stod ved innkøyrhovudsignal B202 OSL i Brynsbakken, på veg frå Alnabru til Drammen. Det var sett saman av lokomotiv El 14.2188 og 4 tomme, lukka bilvogner.

Eksplosjonen fekk oljen i spenningsregulatoren til å forstøve, og gneistar sette så fyr på den forstøva oljen. Dette utløyste ein eksplosiv brann der ulike komponentar i maskinrommet i lokomotivet tok fyr. Toget var lett tilgjengeleg på ei open linje, og Oslo brann- og redningsetat kom raskt til staden og sløkte brannen. Dersom ei slik hending finn stad inne i ein tunnel, vil det ta tid før brannvesenet kan starte sløkkjearbeidet.

Spenningsregulatoren blei kontrollert etter hendinga, men det let seg ikkje gjere å slå fast kva som var den utløysande årsaka til hendinga.

Havarikommisjonen fremjar ei tryggleikstilråding i samband med denne undersøkinga. Havarikommisjonen tilrår at CargoNet AS går gjennom og dokumenterer førebyggjande og konsekvensreduserande tiltak mot denne typen hendingar.

Oslo  20180529.
Brann i tog ved Etterstad (nedenfor Nygård terrasse boligsameie). Et lokomotiv sto i flammer nær Vålerenga tirsdag morgen.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Foto: NTB/Scanpix

Foto: SHT

Sikkerhetstilråding

Tryggleikstilråding JB nr. 2019/01T

Tysdag 21. mai 2018 oppstod ein eksplosjon som starta ein brann i maskinrommet på El 14-lokomotivet til godstog 5301. Eksplosjonen oppstod på open linje, men kunne like gjerne ha skjedd i ein tunnel eller ved ein stasjon, der den ville hatt mykje meir alvorlege konsekvensar. Det har skjedd fleire liknande hendingar med denne lokomotivtypen tidlegare, men dei gjennomførte tiltaka har ikkje vore nok til å løyse problema.

Statens havarikommisjon for transport tilrår Statens jernbanetilsyn å tilrå CargoNet AS å gå gjennom og dokumentere førebyggjande og konsekvensreduserande tiltak mot denne typen hendingar.

Sted
Innkjørhovedsignal B202 OSL
Hendelsesdato
29.05.2018
Tog No.
5301
Driftsform
Strekning med fjernstyring
Stillverksanleggstype
Stillverk
ATC
DATC
Type transport
Godstog
Type hendelse
Brann- og røykutvikling
Materiell kategori
Motorvognsett
Operatør
CargoNet AS
Banestrekning
Hovedbanen
image
Rapport om brann i lokomotiv El 14.2188 ved Oslo S 29. mai 2018, tog 5301 Last ned rapport
Tilbake til toppen